Kva blir den store trenden i ungdomslitteraturen når blodtørsten til vampyrane er stilt? Skal ein tru Ungdomsbokgildet 2011 ligger svaret på det spørsmålet bokstaveleg talt i framtida. Eller nærmare bestemt i den postakopalyptiske framtida.

For framtidsdystopien er den dominerande kulissa for ungdomslitteraturen i dag, og handlekraftige og sterke jenter har bærande roller. Kanskje er det resultatet av den eventyrlege suksessen til Dødslekene-serien til Suzanne Collins ein er vitne til. Sikkert er det i alle fall at unge som søker spenning i lesestoffet sitt har meir å ta av enn nokon gong. Ikkje minst fordi tilfanget av omsette titlar er blitt større.

Nærmare 170 bibliotekarar, lærarar, studentar og forlagsfolk frå heile landet deltok på Buskerud fylkesbibliotek sitt Ungdomsbokgilde på Sudioscenen i Drammens Teater torsdag 20.10. Stig Elvis Furset, Randi Helgerud, Britt Kroken Kjenes, Mari Nordø Pettersen og Beate Ranheim stod for bokpresentasjonane. Førsteamanuensis Svein Slettan frå Universitetet i Agder holdt foredrag om litterær utfordring innanfor ungdomslitteraturen, der han blant anna forsvarte melodramaet som sjanger. I tillegg presenterte teikneserieduoen Sigbjørn Lilleeng og Tor Ærlig sin blodferske teikneserieroman Apefjes.

Tilbakemeldingane frå årets gilde er overveiande svært positive. Ein del saknar innslag med ungdommar sjølv, så det håper vi å få med i sterkare grad ved neste krossveg.

Presentasjonen til Svein Slettan finn de her: Ungdomslitteratur_Drammen_2011.pdf