Finn deg sjølv på biblioteket haust

Bibliotekhausten er i gang og biblioteka i Buskerud tilbyr eit breidt utval av arrangement, men kva arrangement har appell til kven? Buskerud fylkesbibliotek har vurdert biblioteka sine arrangement i lys av britiske Morris Heargreaves McIntyre si tenkning rundt publikumsaspektet, og har sett på kva Buskerud-biblioteka tilbyr ulike brukergrupper i haust. Vi har plukka ut nokre arrangement til kvart segment, men sjekk gjerne ut biblioteka sine heimesider for å sjå fleire arrangement.

Hipsteren – den populærkulturelle
Er ein mann på 36 år eller yngre. Han har vore på festivalar som Øyafestivalen. Kjennteikn på ei god kulturoppleving er at den er underhaldande. Vener er viktigaste initiativtakar til at hipsteren går på kulturarrangement. For hipsteren tilbyr vi:
-Mary Shelley og hennes «Frankenstein» – Kongsberg bibliotek 01.11. kl. 19.00
-Ren poesi med Ellen Wisløff – Lier bibliotek 14.11. kl. 19.00
-Konsert med Elias Akselsen – Nedre Eiker bibliotek 24.10. kl. 19.00

Den kultiverte – den kulturelle storkonsumenten og teaterfolket
Er ei kvinne på 54 år, har utdanning frå universitet på meir enn tre år og har vore på kunstgalleri og moderne dans. Kjenneteikn på ei god kulturoppleving er at den er tankevekkjande. Intitativtakar til å gå på arrangement er dei sjølv. For den kultiverte tilbyr vi:
-Åpning av kunstutstilling med Dzeko Hodzic – Drammen bibliotek 15.10 kl. 18.00
-Lifegame med Brageteatret – Nedre Eiker bibliotek 10.10. kl. 19.00
-Bokgilde i biblioteket – Slemmestad bibliotek 08.11. kl. 18.30

Flyterne – den vanlige norske middelklassen som går litt på alt
Er litt meir sannsynleg ei kvinne enn mann, 46 år gammal, har ofte vore på kunstgalleri. Kjenneteikn på ei god kulturoppleving er at den er underhaldande og tankevekkande. Meiner i størst grad at kulturopplevingar gjer oss til betre menneske. For flytarane tilbyr vi:
-Erik Bye – musikalsk forestilling med Bal Musette – Midt-Buskerud bibliotek, Modum 15.10. kl. 18.00
-Bokbad med Sylo Taraku – Drammen bibliotek 15.10 kl. 19.00
-Du kan ikke være sint, du er mamma – foredrag og «speed-terapi» med Camilla D. Juul og Natalia S. Gitz – Flesberg bibliotek 29.11. kl. 18.00

Den potensielle – større interesse for kultur, enn faktisk bruk
Er litt meir sannsynleg ei kvinne enn mann, 45 år gammal. Kjenneteikn på ei god kulturoppleving er at den er underhaldande, men fungerer også som avkobling i kvardagen. Ikkje interessert i konsert. Helga er ei god tid å oppsøke kultur på. For den potensielle tilbyr vi:
-Tett på – forfattersamtale med Vigdis Hjorth og Anne Bitsch – Øvre Eiker bibliotek 29.10. kl. 19.00
-Strikk og lytt – Drammen bibliotek 04.12. kl. 18.00
-Litteratur-yoga – Nes folkebibliotek 09.11. kl. 18.00

Den kritiske – de frafallende
Er meir sannsynleg ein mann enn kvinne, 47 år gammal og lågare utdanning enn dei som bruker kulturtilbud i større grad. Det som får den kritiske til å bruke kulturtilbud er at kulturopplevinga er underhaldande. Initiativ til å oppsøke kulturarrangement blir gjerne tatt av kjæraste, ektefelle eller sambuar. For den kritiske tilbyr vi:
-Øystein Morten – Norske ødegårder – Slemmestad bibliotek 18.10. kl. 18.30
-Skumringstimen «Helter i Norden» – Midt-Buskerud bibliotek, Modum 12.11. kl. 18.30
-Å sykle – forfattarmøte med Håvard Syvertsen – Kongsberg bibliotek 22.11. kl.18.30

Den avvisende – de uinteresserte
Er ein mann på 45 år med lågast utdanning av dei seks segmenta. Er i liten grad interessert i kulturopplevingar, og motivasjonen for å oppsøke arrangement er liten. Viss han skulle bli frista må opplevinga først og fremst vere underhaldande. Den avvisande bruker internett minst av alle segment. For den avvisande tilbyr vi:
-Bokbad med Jørn Lier Horst – Lier bibliotek 17.10. kl.19.00
-Sigmund Falch – forfattermøte – Ringerike bibliotek 20.11. kl.19.00
-Corner Boys (irsk og skotsk musikk) på Tussmørk torsdag – Øvre Eiker bibliotek 06.12. kl. 19.30

Av Stig Elvis Furset

Kjelder:
Morris Heargreaves McIntyre segmentering:
https://mhminsight.com/no/culture-segments

Akershus fylkeskommune si norske versjon av Morris Heargreaves McIntyre si tenkning rundt segmentering av publikum og publikumsundersøkingar. Sjå befolkningsundersøkinga i Akershus:
http://norskpublikumsutvikling.no/assets/insights/20161030_NPU_Akershus_rapport_befolkningsunders%C3%B8kelse.pdf